Eg – papegøyen frå eit lyst arkipelag,
bur nå i romkvadratet til ein trollkar.
Rundt meg er globusar, papir og kolbar,
og gamlinghosten, klokka sine slag.
La gå at når han manar, i eit jag
av stemmer, blikket stikk som kården stålkald,
blæs skrekk og mot opp vengefjøra solka,
mot skuggeugler går eg straks til slag...
La gå! Men knapt har cella til min særling
fått vitjing, ein som søker hell i kjærleik
og spel, ein ryggeslaus med gullsydd frakk, –
da ser eg skuta i ei bukt så herlig
i blikkstille og sol ... men fåfengt snakk
kan ikkje gløyme, løyndommen er uærlig.