Fjell, kva vil de eg skal skjøne:
syng de ein salme, driv de blasfemi,
de ser dykk sjølv i kalde sjøar,
kva held de på med, bøn eller magi?
Med skriket til eit spottande uhyre,
som Satan sjølv på hesten sin av eld,
lét Peer Gynt den ville reinen styre
dit ingen kjem, der stupet brattast fell.
Og ervingen som jorda ikkje kjenner,
den einaste som trur til siste slutt,
var det ikkje her Brand, utan venner,
sa skaparnamnet, løyste skredet ut?
Men her ligg evig snø, og isen står
som beger av safir, ein blåna skatt!
Ho skremmer, er ei jord som liknar vår,
men føder aldri, korkje dag hell natt.
Desse andlet, ujordiske, drøymer
med snø til hår og auga inn mot Hel.
Frå kjakar gravne ut av stormar fløymer
som gråe skjegget fossen i sitt gjel.